Temanettverk på demensområdet
Velferdspolitikk, Demens
Det finst målgrupper som er små i dei nordiske landa kvar for seg. Nordens velferdssenter koordinerer tre ulike temanettverk på demensområdet for desse gruppene. Det dreier seg om etniske minoritetar, urfolk og personar med intellektuell funksjonsnedsetting.
Temanettverka samlar forskarar, praktikarar med lang og brei erfaring og andre ekspertar. Formålet er å styrke kunnskapsutviklinga og erfaringsutvekslinga, og bidra til ein likestilt demensomsorg for alle, uavhengig av bakgrunn eller livssituasjon.
Demens og etniske minoritetar
Vi treng meir forsking om demens og personar med etnisk minoritetsbakgrunn i Norden. Utanlandsfødde har truleg like stor risiko for å utvikle ein demenssjukdom som personar fødde i Norden, men det er færre i denne gruppa som oppsøker helse- og omsorgstenester. Internasjonal forsking visar at kulturell bakgrunn spelar stor rolle for kva slags velferdstenester ein person etterspør. Synet på demens er forskjellig og demenssymptom blir tolka ulikt i ulike kulturar. Helse- og omsorgstenester på morsmålet kan vere svært viktig, sjølv om personen det gjeld har budd lenge i eit anna land. Samstundes er ikkje forskinga eintydig. Kontinuitet i personalsituasjonen kan for mange vere viktigare enn å bu på ein sjukeheim med ein spesiell kulturell profil. Språk- og kulturkompetanse er viktig for å gje målgruppa personsentrerte helse- og omsorgstenester. Utdanning og opplæring av personale med minoritetsbakgrunn er eit anna tema som nettverket arbeider med.
I dei skandinaviske landa finst det ulike praktiske og faglege verktøy på området. Nationalt videnscenter for demens i Danmark har produsert fleire digitale publikasjonar om demens og etniske minoritetar. Aldring og helse i Noreg tilbyd e-læringskurs om pårørandeskolar for pårørande til personar med innvandrarbakgrunn og demens. Region Skåne i Sverige har lagt ut nettkurs om demens på mange ulike språk.
Nettverket jobbar for at eldre innvandrarar med demens og deira pårørande skal få tilpassa helse- og omsorgstenester av god kvalitet. Nettverket har møte ein til to gonger årleg, og arbeider med erfaringsutveksling, samarbeid og kunnskapsdeling. Fleire av medlemmane har publisert felles vitskaplege artiklar.
Temanettverket for demens og etniske minoritetar vart oppretta i 2012, og samlar kring 30 nordiske forskarar og andre frå ulike relevante profesjonar.
Webinar om demens og etniske minoritetar
Demens og urfolk
Forsking frå land som Canada, USA og Australia tyder på at urfolk i ulike delar av verda er langt meir utsette for demenssjukdomar enn andre innbyggjarar i landa der dei bur. Det finst praktisk talt ikkje samla forsking eller kunnskap om situasjonen for samar og inuittar med demens i Norden. Aldring og helse i Norge har publisert informasjonsmateriell, filmer og digitale verktøy om samer og demens. Materiellet er tilgjengelig på bokmål, nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.
Temanettverket for demens og urfolk skal identifisere behov for ny forsking, for kompetansehevande tiltak og tilpassing av diagnostiseringsverktøy til samiske språk og grønlandsk.
Temanettverket for demens og urfolk vart etablert i 2019. Deltakarane er representantar for myndigheiter, forskarar og praktikarar frå ulike helse- og omsorgsprofesjonar. Dei kjem frå Finland, Noreg, Sverige og Grønland.
Bryter taushetskultur om helse hos Nordens urfolk
Webinar om urfolk og demens
Demens og intellektuell funksjonsnedsetting
Personar med intellektuell funksjonsnedsetting i Norden lever stadig lengre. Dei første symptoma på demens hos personar med intellektuell funksjonsnedsetting kjem ofte allereie i femtiårsalderen, men kan vere vanskelege å oppdage. Symptom som kjem seinare i sjukdomsforløpet hos andre kan vere eit tidleg teikn på demens hos personar med intellektuell funksjonsnedsetting. For personale og andre kan det bli ei stor forandring når ein person på same bustad eller arbeidsplass får ein demenssjukdom. Ikkje berre aktivitetane, men også dialog og samarbeid må tilpassast dei nye føresetnadene personen har. Rammene for samspel med andre må endrast over tid. Dette er nye utfordringar for norske kommunar.
Formålet med temanettverket for demens og intellektuell funksjonsnedsetting er å etablere stabile nettverk mellom nordiske kompetansemiljø og å systematisere erfaringsutvekslinga kring utgreiing, diagnostisering, helse- og omsorgstenester for personar med demens og intellektuell funksjonsnedsetting.
Nasjonalt kompetansesenter for Aldring og helse i Norge, Nordens velferdssenter og Sametinget i Norge har laget nettsiden Hva er demens. Den er tilgjengelig på fem nordiske språk, engelsk, lule-, nord- og sørsamisk. I Sverige har Svenskt Demenscentrum og Riksförbundet FUB laget to nettkurs under fellesnavnet Åldern har sin rätt – om att åldras med intellektuell funktionsnedsättning, ett for personer med intellektuell funksjonsnedsettelse og ett for personer som jobber med målgruppa. Også pårørende kan ha nytte av nettkursene.
Temanettverket for demens og intellektuell funksjonsnedsetting vart etablert i 2015. Deltakarane representerer nasjonale ekspertinstitusjonar, forskings- og praktikarmiljø i alle dei nordiske landa.
Webinar om demens og intellektuell funksjonsnedsetting
Rapporter
Velferdspolitikk
8 apr 2020
Demensomsorg for innvandrere
I Norden lever det trolig over en halv million mennesker som har en demenssykdom eller mild kognitiv svikt. Den store etterkrigsge [...]
Velferdspolitikk
22 nov 2019
Urfolk och demens i Norden
De nordiska ländernas samarbete på demensområdet, som koordineras av Nordens välfärdscenter, har visat på ett behov för att [...]
Velferdspolitikk
21 jun 2017
«Välfärdsteknik handlar inte om teknik utan om människor» – tekniksprång i nordisk demensvård
I dag beräknas cirka 418 000 människor i Norden vara demenssjuka. Antalet väntas öka i samtliga nordiska länder. Välfärdste [...]
Velferdspolitikk
28 jun 2016
Demens – möjligheter till livskvalitet
Demens har länge antagits ha främst med åldrandet att göra. Steg för steg har dock insikten om att det handlar om en sjukdom [...]