Completed
Webinar: Innvandrarar får fagutdanning og jobb gjennom Gloppen-modellen
Work
Kombinasjonen praksis og teori frå dag éin har gitt innvandrarar fagkompetanse og jobb. Eldreomsorga, tannhelsetenesta og næringslivet har fått sårt tiltrengt arbeidskraft.
I dette webinaret får du høyre om Gloppen-modellen og suksessoppskrifta bak at rekordmange innvandrarar tek fagbrev og kjem i arbeid.
Meir enn 130 elevar har starta utdanning sidan Gloppen-modellen blei etablert i 2013. Det starta med flyktningar i introduksjonsprogram, men tilbodet er seinare utvida til arbeidsinnvandrarar og familiegjenforente. Fra og med dette skuleåret er fagutdanninga med kombinasjon av praksis og teori, og tilpassa opplæring gjennom hele utdanningsløpet også et tilbod til unge som ikkje kan følgje ordinært studieløp.
Til å byrje med var det kun helsefagutdanning, men tilbodet er no utvida til flere fagområder som tannhelsesekretær, byggfag, teknikk og industriell produksjon (TIP), og restaurant- og matfag. Idag tilbys Gloppen-modellen på alle vidaregåande skuler i Nordfjord-regionen. Erfaringa med Gloppen-modellen syner at samarbeid mellom kommunen/det lokale NAV-kontoret, fylkeskommunen og næringslivet gjer det mogleg å ta innovative grep for å kvalifisere motiverte innvandrarar til fagutdanning.