Ho bruker sosialarbeidarkompetansen sin i politikken
Alkohol, NarkotikaJohan Myrskog, webbredaktör Publicerad 17 jan 2019
Anne Kristin Bruns jobba i mange år særleg med kvinnelege misbrukarar. Dei siste åra har ho vore lokalpolitikar i Stavanger. Ho brenn for at byen skal vere ein trygg stad der folk har det bra.
Anne Kristin Bruns har meir enn tretti års erfaring frå socialt arbeid. Hennar observasjonar er at det er annleis nettopp å vere kvinneleg enn mannlig rusbrukar. Kvinnelege rusmisbrukarar har andre utfordringar.
– For det første er dei ofte, slik eg opplevde det i relasjonar med menn som mishandlar dei eller truar dei til å utføre handlingar som gir tilgang til rusmidler. Det kan vere seksuell, økonomisk og sosial utnyting. Mange kvinner kan bli avhengige av å vere i eit parforhold for å kjenne seg trygge. For det andre er ein mannleg rusmisbrukar sett på som ein som har hatt eit tøft liv, gjerne kjenneteikna av kriminalitet og vinningsbrotsverk. Dei kvinnelege rusmisbrukarane er gjerne at dei er ”oppbrukt” og sett på som ei som ikkje får det til. For mange er det livet dei har levd blitt stempla som prostitusjon. Dette er eit vanskeleg rykte å bli kvitt. Det er vanskelegare å reise seg for kvinnelege rusmisbrukarar.
Anne Kristin Bruns opplever at dei som kjem til rehabilitering lett tek med seg gamle roller og haldningar inn i systemet. Då opplever kvinner at dei treng vern frå menn, nettopp fordi både kvinnene og mennene tek med seg sine gamle roller inn i behandlinga.
– Ofte har eg sett at kvinnene har blitt utnytta både seksuelt og på andre måtar medan dei er i behandling. Dei har blitt undertrykte og misbrukte. Eit anna element er at dei kvinnelige rusmisbrukarane ofte også er mødrer, som har mista omsorgen for barnet sitt. Dette er ei stor sorg for dei og det er utfordrande fordi dei på ein annan måte enn mennene kjenner ansvar for dette. Kvinner har også andre fysiske og psykiske utfordringar enn menn, noko som gjer livet annleis.
Yngre ungdommar blir tekne med hasj og cannabis
I Noreg pågår legaliseringsdebatten for fullt. Behandling framfor straff er eit område som blir mykje diskutert.
– Både politi og sosialarbeidarar stadfester at haldningane til hasj og marihuana er liberalisert. Ungdommar i dag tenkjer at dette ikkje er så farleg fordi det «sikkert blir lovleg snart», slik som i fleire statar i USA og enkelte land i Europa. Her har politikarar og trendsetjarare eit stort ansvar for korleis vi snakkare om dette i det offentlige rommet.
Ho skildrar også aukande bruk av rusmiddel for å gjennomføre eksamenar og periodar med stress.
– Amfetamin og sentralstimulerande rusmiddel har hatt ein liten auke.
I arbeidet sitt som lokalpolitikar kjem Anne Kristin Bruns også i kontakt med både det positive og det negative som skjer i Stavanger.
– Ungdommane i Stavanger viser, gjennom ungdomsundersøkinga vår, at dei aller fleste har eit godt liv, trivst på skulen og har eit godt tilhøve til foreldra sine. Samstundes er den psykiske helsetilstaden og opplevinga av stress og press ei større utfordring. Born under 18 år drikk mindre no enn før, men trenden er at det er «fritt fram» når dei har fylt 18 år, fordi det er lovleg. Dette skapar eit press og gjer det vanskeleg for ungdom å ikkje drikke alkohol.
Bruns strekar under at eit større problem no for tida er at yngre ungdommar, 12-13 år, blir tekne med hasj og cannabis.
– Samstundes får vi informasjon om ungdom som slit og droppar ut av skulen som eit resultat av både vanskelege heimesituasjon og rusbruk. Vi har for lite kunnskap og erfaringar med det å gripe inn tidleg, men vi veit at det er viktig. Det er alltid vanskelegare å setje av resurssar til førebygging enn rehabilitering, fordi vi ikkje kjenner det konkrete resultatet av tiltaka.
I rolla si som politikar har Bruns fått sjansen til å bruke kompetansen sin som sosialarbeidar på ein annan måte, meir på system- og politisk nivå.
– Det har vore og er spennande å bidra til at byen vår kan og skal bli ein best mogleg by å bu i for alle.